Fantastisk utsikt mot havet frå stor terrasse!

2 44 m2 1 1 Nei

Beskrivelse

Vista Taurito ligg i dalsida til den idylliske Tauritodalen og har fantastisk utsikt utover både dalen og sjøen. Fellesområdene med basseng er nyoppussa og opna i august 2018. Leiligheita er perfekt for ein avslappande ferie der ein kan nyte livet og solnedgangen på den store terrassen (27 m2), eller ved det felles badebassenget som også har ein liten, men god bar/restaurant. Det er eit lite "supermercado" ved inngangspartiet som sel basisvarer dersom ein føretrekk å lage maten sjølv på det fullt utstyrte kjøkkenet.

Området i seg sjølv har ein roleg atmosfære og er flott for gå-, jogge- eller sykkelturar, både på asfalt og i terreng. Det er gangavstand (om lag 15 min) til sandstrand med restauranter og muligheit for vatnsport, badeland for barn, småbutikkar, apotek, og restauranter nede i dalen.

Det er cirka 5km til sjarmerande Puerto de Mogan med eit større utvalg av restauranter/butikkar, som kan lett nåast med bil, sykkel eller dei generelt gode bussforbindelsane. NB: Kystvegen GC-500 er stengt for tida grunna eit ras og ein må køyre ein lengre veg GC-1 for å kome dit.

Leiligheita er fullt møblert med komfortable møblar, fullt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, vaskemaskin, tørketrommel og 55" flatskjerm som kan koblast til nettbrett, PC osb..

Tilkomst og parkering
Det er ca. 30 min. køyretur frå flyplassen til Vista Taurito, som ligg nær enden av ein blindveg. Leiligheita ligg i 5. etasje i ein stille del av komplekset og har heis; tilkomst til heis frå gata er via ei slak rampe som er bra for rullekoffert, eller via trapp (ca. 1-2 etasjer stigning).

Det er aldri problem å finne gratis parkering ("først-til-mølla") , men i det siste har området blitt veldig populært og det har ført til at ein må ofte parkere lenger nede i gata og gå nokre minutt til leiligheta. Det tar om lag 8-10 min. å gå frå den store parkeringsplassen ved avkøyringa til Calle Albaicin og til inngongen til Vista Taurito.

Husdyr er ikke tillat

Profil

 DISTANCES

Bysenter: 1 Km, Matbutikk: 0.1 Km, Strand: 1 Km, Restauranter: 0.1 Km

Sengetøy, håndklær & sluttvask

 Sengetøy/håndklær/badehåndklær

Sengetøy og handkle er inkludert. Strandhandkle ikkje inkludert.

 Sluttvask

Utvask er inkludert.

Kalender

   Tilgjengelig      Bestilt   15  Tillatt ankomstdato



Linens & towels Included in price
Utvask Included in price
Trådløst Nett Included in price
Strøm Included in price
Kjæledyr Ikke Tillatt
#52410